Ny søgning
Region
Kategori

uge-ref
Ny søgning
Sted
Arbejdsområde
Ansættelsesvilkår
Overlege i psykiatri

Vil du vere med og utvikle psykisk helsevern ved Folgefonn DPS?
Hos oss blir du del av eit inkluderande, tverrfagleg behandlingsmiljø med overlegar, psykologspesialistar, legar i spesialisering og andre faggrupper. Vi vidareutviklar både polikliniske tilbod og døgnbehandling. Arbeidsplassen er på Valen, anten i poliklinikk eller døgnseksjon. Intervju kan bli gjennomførte fortløpande i utlysningsperioden.

Kva går jobben ut på?
• Utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar.
• Tverrfagleg klinisk arbeid i team.
• Rettleiing og internundervisning.
• Deltaking i felles bakvaktsordning med Valen sjukehus.
• Samhandling med pårørande og kommunehelsetenestene.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
• Norsk autorisasjon og godkjend spesialisering i psykiatri.
• Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar er avgjerande for forsvarleg pasientbehandling.

Kva ser vi etter hos deg?
• Du finn løysingar og arbeider strukturert.
• Du kommuniserer og samarbeider godt med andre.
• Du trivst i eit aktivt miljø med varierte utfordringar.
• Du bidreg positivt til arbeidsmiljøet.

Kvifor skal du velje oss?
• Kompetanseutvikling og vidareutdanning.
• Moglegheit for å delta i prosjekt og kvalitetsutvikling.
• Eit sterkt fagleg fellesskap og eit godt arbeidsmiljø.
• Medlemskap i pensjonsordning med 2 % pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
• Ein inkluderande arbeidsplass (IA-bedrift). • Moglegheit for overgangsbustad.


Beskrivelse av arbeidsgiver
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar og gir spesialiserte helsetenester til meir enn 180 000 innbyggjarar i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Folgefonn DPS tilbyr psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) på Valen og i Odda. Det tverrfaglege fagmiljøet gir behandling til innbyggjarane i Kvinnherad og Ullensvang. Les meir på www.helse fonna.no.



Ansøg her





Tilbage til søgning

Kategori

Region

Opret en jobagent og få nye jobannoncer direkte i din indbakke

FREMHÆVEDE JOBS

V26